- This event has passed.
Konsert på Burns Night med Reitir!
25. januar 2025 @ 19:00 - 20:30

Burns Night på Nesodden! Ein verdsomspennande tradisjon er det å feire diktaren sin bursdag med dikt, mat og song (og whisky – det kan de jo ta etterpå Bandet Reitir kjem til Nesodden kirke med denne tradisjonen 25 januar 2025 – som del av konsertserien Kantorissimo.
Burns Night blir også feira med eit gilde – så etter konserten kan de avslutte kvelden med ein skotsk kveldsmeny på Frua Spiseri. Her blir det open mikrofon for diktlesing som startas av Aasmund og Ingebjørg – og allsong mellom rettane. Sarah Jane er kveldens «piper» og spelar oss inn med ein skotsk slått.
Denne delen av kvelden krev ingen billett, og det blir buss-shuttle frå konsert til Spiseri.
Bandet Reitir, med Aasmund Nordstoga, Sarah Jane Summers og Ingebjørg Lognvik Reinholdt i front, spelar og syng skotske folketoner med tekstar av den skotske nasjonaldikteren Robert Burns.
På denne konserten blandas nye arrangement av folkekjære melodiar som Auld Lang Syne og A Red Red Rose blandes med skotske fartsfylte dansesullar til livligere dikt som Rigs o’ Barley og Weary fa’ you Duncan Gray. De får også høyre ein norsk versjon av langdiktet «Tam O’ Shanter», som fortel om ein skrekkfylt, dog også humoristisk tur heim frå puben ei litt for sein natt.
Peter Fjågesund, professor i britisk litteratur og kulturkunnskap, har omdikta Burns sine viser til dialekt. Han skriv: Burns skreiv sjølv på dialekt, og bruken hans av dialekt var eit viktig «statement» for å gje prestisje og kraft bak språket til vanlege menneske, som sto utanfor den kulturelle eliten. Dette var faktisk eit hovudbodskap i heile romantikken, og Burns var ein av nybrotsmennene for denne tanken; han er ein periferiens mann som lyfter fram periferiens kultur i konkurranse med sentrumskulturen.
Med inspirasjon frå kveding og rota i Sarah Jane sin skotske tradisjon blir konserten som sitt eige vesle grenseland ein stad uti Nordsjøen som hyllar dialektar, dei folkelege visene og den nære poesien til folkediktaren Burns.
Reitir oppstod og gjorde sin første turne i 2020-2021, publikum tok det imot med så mykje åtgaum at dei krevde ei plate. «ei magisk konsertoppleving» Magne Brekke, Lyngheimtunet.
Plata har fått veldig god tilbakemeldingar både i Noreg og i Storbritannia: «Fe Alt Som Eingong Va is a brilliant idea and a beautiful album that will sweep you along with the obvious enjoyment of the performers.»
Les meir her: https://reitirmusic.com/reviews/
Musikarar:
Aasmund Nordstoga (vokal)
Ingebjørg Lognvik Reinholdt (vokal)
Sarah Jane Summers (fele/kor)
Juhani Silvola (gitar)
Morten Kvam (kontrabass/kor)
Sal av CD i etter konserten!
Konserten er støtta av Norsk Kulturråd og Fond for utøvende kunstnere.